Trontaledebatten

Skrevet av Oline Vedeld

Vil nokon bli norsk statsborgar er det viktig at vi set visse krav til dei. Personar som søker statsborgarskap, skal ha nok kunnskap om Noreg. Vi vil ikkje gjere det vanskeleg å bli norsk statsborgar, men ein kvar norsk statsborgar må beherske det norske språket godt. Dei må legge inn innsats for å bli norsk statsborgar, og det kjem med eit ansvar.

Høgre sitt mål er at Norge skal ha verdas beste skule, og realisere draumar og ambisjonar. Dei vil innføre anonym retting, for å gjere skulen så rettferdig som mulig. Jentene og gutane blir forskjelsbehandla, og det fører som oftast til at jentene får bedre karakter enn gutane. Elevar opplever at ein lærar ikkje likar dei, eller blir forskjelsbehandla. Dei blir dømt over korleis dei ser ut, og kor dei kjem ifrå. Derfor vil Høgre ha eit system som sikrar ein rettferdig karakter for alle.

Høgre vil ha ei trygg framtid. Prisen for krig og ufred er høg. «Vi lev under den 2. kalde krigen» seier dei. Vi må auke forsvarsbudsjettet for å beskytte Noreg.

F.v. Partileder (H) Therese Rødseth Kjølsøy, Aida Undertun, Nestleder (H) André Loutovinov Schroeder
Foto: Marie Jønland Osen

SV sett rettferdigheita høgt, og er i mot proposisjon nummer 15. som går ut på at studentar må betale 3000 kr for skuleplass for å beholde plassen ut skuleåret. Det er nok at studentar må betale for bøker til mange tusen kroner. Det er ikkje like enkelt for alle å betale 3000kr for ein skuleplass. Studentar er ofte ganske økonomisk sårbare, og må jobbe hardt for å få råd til bøker, og muligens ei leiligheit. Er ikkje alle som lett kan få tak i 3000kr. Mange ting kan skje i løpet av studieperioda, som for eksempel sjukdom.

MDG meiner at vi må ta større grep. Hadde det ikkje vore for oljebransjen hadde utsleppa våre sunke med 11%. Dei vil stanse åpning av nye gass og oljefelt. Dei seier at olja er ikkje det mest verdifulle vi har her i Noreg, det er folket.

Statsminister Svinø seier at ho er gla for at MDG støtta eit berekraftig miljø. Ho seier at det er små skritt, men nødvendige for miljøet. Svinø ser fram til å arbeide med stortinget for å skape eit meir berekraftig miljø.

MDG vil innføre ei kjøttkvote som vil vere drastisk, og kvar 5. bonde vil miste jobben sin. Metanutsleppa frå kyr og andre dyr, er ikkje like skadelege som CO2 utsleppa. Noreg pumpa opp mykje meir olje og gass no enn nokon gong før.

Partileder (MDG) Olivia Xing Høydalsvik Osen
Foto: Marie Jønland Osen

Det er fortsatt etterspørsel etter pels. Vi har godt utstyr til arbeidet som må gjerast her i Noreg. No vil regjeringa korte ned tida, og SP synest ikkje at det er greit. Omstillinga er kostbar og tek mykje tid. SP håper at bøndene får ei støtte frå staten, til å omdanne gardane sine til noko som faktisk kan bli brukt i framtida.

Krf meiner at alle eldre mennesker fortener ein verdig alderdom, og at vi treng fleire løysinger. Vi må styrke folkets mentale helse, og for å gjere det må vi ha eit klart utgangspunkt for vanskene folk kan ha. Dei seier at vi må ta klimakrisa alvorleg, og hjelpe folk ut av fattigdom. Folk må dele av godene sine, og rette bistand mot avskoging og berekraftig energi. Bistanden blir brukt til å bekjempe fattigdom.

Venstre vil avskaffe pelsdyrnæringa innen 2022, fordi dei meiner at det er unødvendig å bruke store ressursar på noko som folk ikkje vil ha. Dei seier også at det et er ikkje mogleg å tene pengar på denne næringa, og samtidig halde seg til lova. Ekte pels forurensar 4 gongar meir enn falsk pels, og vi må tenkje på framtida til Noreg.

Kandidat nummer 25 seier at han ser at etterspørselen etter pelsdyrnæringa er stor, og at dersom andre land skulle ha gjort det, hadde det vore gjort på ein annleis og mykje dårlegare måte.

Rødt seier at skulen handlar om å bestå og ikkje om å lære. Elevar jobbar for å oppnå enkeltkarakterar, i staden for å behalde kunnskapen vidare livet. Det blir lagt kunstig høg vekt på det som kan bli testa og måla.

Frp stiller seg svært kritisk til å hente IS-krigarar inn i Noreg. IS-kvinna som nylig fekk mykje oppmerksomheit har mista all rett til helsehjelp i Noreg, sidan ho har meldt seg ut av folketrygda.

Frp vil at du skal ønske og glede deg til å bli gammal. Familiane skal ha ein real valgfriheit til å møte alderdommen. Ein auka valgfriheit gir ein bedre kvardag. Eldreombud som sikrar at eldre får det dei har krav på, gjer slik at dei trivest bedre. Kontantstøtte frå Noreg vil skape meir friheit for korleis dei eldre velger å leve i sin kvardag.

Ved å trykke på "godta" eller ved å fortsette å bruke siden godtar du bruken av informasjonskapsler. les mer

Denne siden bruker informasjonskapsler for å gi deg den beste mulige opplevelsen. Hvis du fortsetter å bruke nettsiden uten å endre instillingene om informasjonskapsler i nettleseren, eller hvis du trykker "godta", samtykker du med dette.

Close